Hans-Erik Dyvik Husby – P3morgen https://p3.no/p3morgen-arkiv Wed, 12 Feb 2020 15:03:03 +0000 nb-NO hourly 1 Stella + Blue? https://p3.no/p3morgen-arkiv/stella-blue/ Thu, 19 May 2011 07:57:15 +0000 http://p3.no/p3morgen/?p=6596 Stella Mwangi i P3morgen. Foto: Ronny Brede Aase.

Stella Mwangi i P3morgen. Foto: Ronny Brede Aase.

I dagens P3morgen kunne Stella Mwangi avsløre at gutane i det britiske boybandet Blue er kjempeinteressert i å jobbe med henne.

Stella hadde med seg verdspremière på ny singel til P3morgen torsdag morgon. Lookie Lookie er ei av låtane som er med på albumet hennar “Kinanda” som kjem i juni.
– Kinanda betyr hitmaskin, sa Stella, som mellom anna kunne melde at karane i Blue, britane sitt ESC-bidrag, var skikkeleg keen på å jobbe med ho.
– Dei ville mellom anna remixe Haba Haba.

Høyr Stella prate om det moglege samarbeidet:
Stella om Blue

– Stella hadde vunne Idol!

Litt seinare i sendinga kom Hans-Erik Dyvik Husby (kjent frå Turboneger) på besøk. I spørsmålstafetten lurte Stella på kva Hans-Erik ser etter i ein artist, med tanke på at han skal vere Idol-dommar til hausten.

Hans-Erik seier han ser etter det spesielle og at Stella Mwangi garantert hadde gått vidare viss ho kom på audition og sikkert vunne heile konkurransen.

Stella-dukke i veska

P3morgen fekk lov til å rote i veska til Stella Mwangi i dagens sending. Der fann vi mellom anna ei Stella-dukke.

Sjå video av veskegrafsinga her:

]]>