håndbak – P3morgen https://p3.no/p3morgen-arkiv Wed, 12 Feb 2020 15:03:03 +0000 nb-NO hourly 1 Siv Jensen + boytoy23 = ? https://p3.no/p3morgen-arkiv/siv-jensen-boytoy23/ https://p3.no/p3morgen-arkiv/siv-jensen-boytoy23/#comments Fri, 11 Feb 2011 11:54:54 +0000 http://p3.no/p3morgen/?p=5092 Siv Jensen (Foto: Yngve Hustad Reite/NRK)

Siv Jensen var gjesteprogramleiar i dagens P3morgen. Høyr kva ho svarte då lyttar Chris skreiv på sms at ho var “hot like lava” og lurte på om ho kunne tenkje seg ein “boytoy på 23 år”.

Då lyttarane vart invitert til å stille Siv Jensen spørsmål under dagens sending, sendte Chris inn følgjande melding:

“Er du singel? Og kunne du tenke deg en boytoy på 23? Du ser fantastisk bra ut, hot like lava. Hilsen Chris”.

Høyr kva Siv svarte her:

Siv Jensen om boytoy 23

Siv er sterk

– Eg er nok sterkare enn folk trur, svarte Siv på spørsmål fra ein lyttar om kor mykje ho tek i benken. Ho vart straks utfordra i handbak av underteikna (som absolutt ikkje er god i handbak, og som faktisk er venstrehendt.)

Sjå korleis det gjekk:

– Mat er terapi

Siv Jensen kunne òg fortelje at ingenting er betre terapi etter ein lang og slitsom dag, som å lage mat.

– Å berre leggje fram mykje råvarer, ta eit glas vin, god musikk. Då er der berre fred. I dag skal eg prøve meg på innbakte reker. Eg må berre få kjøpt meg ein slik bambuskokar fyrst.

Og Siv høyrer gjerne på Prince sin I Would Die 4 U (Spotify), eller Meat Loaf sin Paradise by the Dashboard Light (Spotify) medan ho lagar mat. Dei valgte ho nemleg som perfekte fredagslåtar i dagens P3morgen.

– Paradise by the Dashboard Light er perfekt festlåt. Eg har spelt mykje luftgitar til denne.

]]>
https://p3.no/p3morgen-arkiv/siv-jensen-boytoy23/feed/ 11