grammy – P3morgen https://p3.no/p3morgen-arkiv Wed, 12 Feb 2020 15:03:03 +0000 nb-NO hourly 1 Bieberbonanza https://p3.no/p3morgen-arkiv/bieberbonanza/ https://p3.no/p3morgen-arkiv/bieberbonanza/#comments Wed, 16 Feb 2011 11:46:50 +0000 http://p3.no/p3morgen/?p=5110 Justin Bieber (Foto: Christopher Polk/Scanpix)
Der har vore unormalt mykje fokus på Justin Bieber i P3morgen i det siste. Her er videoane frå eit par dagar deilig dramafarse.

Justin Bieber, veit du. Hatt så mykje opptur siste året. Fansen blir kalla beliebers, Baby tok verden med storm og no er han ute med eigen 3D-film om livet sitt.
Og etter mykje opptur var han tydlegvis klar for å feire med “Best new artist”-pris under søndagens Grammy-utdeling.

Her konkurrerte han mot flotte folk som Florence + The Machine, Drake, Mumford & Sons og Esperanza Spalding.

Og så gjekk det ikkje heilt slik det skulle, kan du seie:

Og medan godaste Esperanza kjærteikna sin nye statuett, gjekk der rykter om at 16 år gamle Justin forlot salen, skuffa og vonbroten.

Og han var ikkje åleine om å vera vonbroten. Denne jenta tok det ekstremt tungt:

http://www.youtube.com/watch?v=X14jC9Fa2_0

Aiaiai. Kjempedårleg stemning. Om eit par år angrar ho sikkert på at ho hadde fri tilgang på internett og kunnskap om korleis ein laga video i starten av 2011.

Og han godaste Biebsen, som fyrst via Twitter gjorde eit forsøk på å late som det var ok å ikkje vinne, ga etter for ærlegheita i programmet til sjarmerande og morosame Chelsea Handler på sjølvaste valentinsdagen derpå:

Han var med andre ord skikkeleg gretten, Biebsen, etter Grammys. Det er jo kjipt. Både han og fansen er lei seg. Heldigvis har historia ein lukkeleg slutt. Takk og lov. For i gårkveld var der Brits-utdeling. Eller BritAwards, som det heiter på ordentleg. Storbritania feira musikken, og hadde mellom anna pris for “Best Breaktrough Act”. Og der var det andre bollar:

Og så levde dei lukkeleg i alle sine dagar…

Er du framleis keen på meir Biebsbonanza?

Då kan du jo sjå Ray Kay-regisserte Baby, AKA verdens mest sette YouTube-video:

Og så har han jo denne 3D-filmen på gang:
http://www.youtube.com/watch?v=L1r1tUahB0s

Endå meir? Biebs var hos Conan her om dagen:
http://www.youtube.com/watch?v=0Rcnisp_1HY

]]>
https://p3.no/p3morgen-arkiv/bieberbonanza/feed/ 3