fotball – P3morgen https://p3.no/p3morgen-arkiv Wed, 12 Feb 2020 15:03:03 +0000 nb-NO hourly 1 Straffekonk mot Erik Thorstvedt https://p3.no/p3morgen-arkiv/straffekonk-mot-erik-thorstvedt/ Wed, 18 Apr 2012 07:42:47 +0000 http://p3.no/p3morgen/?p=10037

Erik Thorstvedt utfordrar Silje og Ronny i fotballquiz og siste post er straffekonk med sjølvaste Thorstvedt’n i mål. Det blir eit salig kaos på den gode måten:)

 

]]>
MGP-festkongen Jan Åge Fjørtoft! https://p3.no/p3morgen-arkiv/mgp-festkongen-jan-age-fjortoft/ Thu, 01 Dec 2011 07:56:36 +0000 http://p3.no/p3morgen/?p=8910 Jan Åge Fjørtoft er ny MGP-programleiar. Foto: Maria Olivia Rivedal (NRK)

Jan Åge Fjørtoft er ny MGP-programleiar. Foto: Maria Olivia Rivedal (NRK)

Jan Åge Fjørtoft skal vere programleiar for dei nye torsdagssendingane under neste års Melodi Grand Prix! Valet av programleiar vil nok kome som ei lita overrasking på fleire, ettersom Fjørtoft er mest kjent som fotballseplar, kommentator og trenar.

Les: Debuterer som MGP-programleiar

Har arrangert MGP-festar i mange år!

Jan Åge Fjørtoft skal ha uante kunnskapar om MGP og han har vert fan av sangkonkurransen i fleire år. Men han skal ikkje styre heile MGP-festen aleine. Marte Stokstad og Per Sundnes skal framleis vere programleiarar for dei direktesendte delfinalane på laurdagar.

I P3morgen torsdag hadde Marte og Jan Åge med seg MGP-effektar dei berre må ha for at det skal bli ein så bra MGP-fest som muleg. Då Jan Åge spela fotball og budde i utlandet, arrangerte han Melodi Grand Prixfest kvart år. Han syns flagg og stemmeskjema er eit “must” for at festen skal bli bra. I tillegg er det viktig at det ikkje berre er nordmenn tilstades på festen fordi du må jo ha nokon å skjelle ut, seier han.

Ut av MGP-skapet

– Det er kanskje ikkje det du skryt at, at du kan nesten alt om Melodi Grand Prix til dine fotballkollegar, seier Jan Åge til P3morgen. Men han og eit par fotballkollegar frå Ham-Kam skal ha parodiert Ketil Stokkan på fest til stor suksess, så farleg kan det ikkje ha vert.

Fjørtoft skal også ha fått reaksjonar frå familien på at han stiller som MGP-programleiar, mellom anna frå bror sin som sa: – Den såg eg ikkje kome.

Litt som ski-VM

Heile MGP-opplegget blir større og bedre enn nokonsinne neste år. Med ski-VM friskt i minne ønskjer MGP-arrangørane å gjere meir som sporten. Sendingane Jan Åge Fjørtoft skal vere programleiar for skal altså gå på torsdagar og skal følgje artistane frå dei får beskjed om at dei skal vere med i MGP til sekunder før dei står på scena. Sjåarane får altså eit godt innblikk i kva som skjer i kulissene.

]]>
– Jesus er metroseksuell https://p3.no/p3morgen-arkiv/jesus-er-metroseksuell/ https://p3.no/p3morgen-arkiv/jesus-er-metroseksuell/#comments Tue, 06 Sep 2011 11:00:41 +0000 http://p3.no/p3morgen/?p=7792

Knut Arild Hareide om Jesus si frisyre, trua si rolle i KrF og fotball i dagens P3morgen.

Tysdag morgon var KrF-leiar Knut Arild Hareide gjest i P3morgen. På spørsmål frå ein lyttar om kor vidt ein må vere kristen for å stemme på partiet, svarte Hareide nei.
– Der er mange ikkje-kristne som stemmer KrF, det veit eg. Men dei er kanskje positive til at tru og religion skal ha ein plass i samfunnet. Og så vil dei kanskje at barna skal få høyre om Jesus.

Når programleiar Live spør om der ikkje uansett må ligge ei grunnleggjande tru i bunn, oppstår der ein liten Jesusorientert diskusjon i studio. Høyr praten her:
Hareide om jesus

Fotball, vafler og juice

Knut Arild Hareide er engasjert i fotball, og fortalde i dagens P3morgen mellom anna om si tid som venstreback på Bømlo.
– Men det var vel mest for at me skulle få fult lag, sa Hareide.
I kveld har han invitert massevis av folk på landskampfest heime hjå bror sin. Han planlegg servering av vafler, kanskje taco. Og vatn og juice. Knut Arild må inrømme at han kanskje er ein litt vimsete vert.
– Det kan stemme. Eg er veldig hyggjeleg når eg er til stades, men så kan eg plutseleg forsvinne bort i nokre tankar.

Hektisk, men roleg

Valkampen er hektisk for Hareide, som likevel meiner tilstandane innad i KrF er rolegare enn på lenge.
– Vi har hatt det litt vanskeleg. Der har vore litt uro, og no går det oppover. Vi har hatt betre målingar enn vi har hatt på mange, mange år.
På spørsmål om kva kjærasten tykkjer om valkampkaoset som står på, svarar Hareide at valkamp er eit dårleg ord i forholdet deira.
– Men etter valet skal det bli mange kjekke kveldar, og turar i marka.

Høyr Hareide prate om valkampinnspurt og kjærleik her:
Hareide om valkamp

Vil du høyre heile intervjuet med Knut Arild Hareide frå dagens sending? Last ned P3morgen sin podkast, enten frå iTunes, eller som mp3-filer her.

]]>
https://p3.no/p3morgen-arkiv/jesus-er-metroseksuell/feed/ 3
Siste nytt: Den småivrige kommentatoren https://p3.no/p3morgen-arkiv/siste-nytt-den-smaivrige-kommentatoren/ Mon, 16 Nov 2009 15:21:31 +0000 http://nrkp3.no/p3morgen/?p=2145 radio-prime-sarpsborg-svend-renee

På fredag kunne du høre klipp fra Radio Prime Sarpsborgs sin fabelaktige dekning av opprykkskampen mellom Sarpsborg og Fredrikstad for halvanna veke sidan.

 Småivrig kommentator 1 Lite utdrag av den småivrige kommentator etter Sarpsborg-FFK

Og rett etter kampen, der Sarpsborg oppsiktsvekkende slo storebror Fredrikstad 2-0, kunne vi høre dette på samme radiokanal.

Småivrig kommentator 2 Småivrig kommentator 10 minutter seinere

Nei, kommentatoren visste ikkje kva han skulle gjøre. Men det fekk P3Morgen sine lytter vite da me fekk tak i dette lydklippet. Fra garderoben til Sarpsborg 08 Fotballforening, altså, kor den småivrige kommentatorenhar funnet fram til det aller helligste.

Småivrig kommentator 3 Småivrig kommentator 25 minutter seinere

]]>