FilmatisertFredag – P3morgen https://p3.no/p3morgen-arkiv Wed, 12 Feb 2020 15:03:03 +0000 nb-NO hourly 1 Ronny tok fram spybøtta https://p3.no/p3morgen-arkiv/ronny-tok-fram-spy-b%c3%b8tta/ https://p3.no/p3morgen-arkiv/ronny-tok-fram-spy-b%c3%b8tta/#comments Fri, 18 Mar 2011 12:50:43 +0000 http://p3.no/p3morgen/?p=5769

Frustrasjonen var stor då Ronny måtte smake på makrell i tomat under dagens P3morgensending som også blei streama live på p3.no for aller første gang.

Gjesteprogramleiar Carsten Skjelbreid visste ikkje at Ronny for lengst hadde lagt ned veto mot å smake på fiskepålegget, difor blei Ronny pent nødd til å legge vetostemma til side og smake på utysket.

Mellom brekning og gulping sa den ellers så positive P3morgenprogramleiaren:

– Denne smaksspalten går bra så lenge ingen drar fram makrell i tomat, då klikkar det for meg.

Dette har Ronny smakt på tidlegare i spalten “Ronny smakar på vanlege ting”.

For å sikre arbeidsplassen under smaksprøven løfta Ronny ei bøtte opp på bordet i tillfelle det gjekk skikkeleg ille. Yngve helte opp eit glas med eplejus slik at Ronny kunne døyve den verste smaken.

Det jævligaste i heile verda

Ronny klarte å smakte ein bitte liten bit av pålegget som hundre-tusenvis av barn og voksne over heile landet gjerne smører på skiva si kvar dag. Men ikkje Ronny, han gav ikkje uventa tommelen ned for makrell i tomat.

– Det er det jævligaste i helie verda, konstanterte Ronny då det heile var over.

Det er første gang P3morgen sender direkte i nett-tv. Her ser du høgdepunkta

Dagens gjesteprogramleiar, Carsten Skjelbreid, kjent som sportstanker i TV2 samt vinnar av “Skal vi danse”, blei også med Yngve på fest.

I ekte nachspiel-stil klemte dei til med gitar og allsang av Bruce Springsteen klassikaren “The River”.

Du kan også laste ned podkast (lyd) av dagens sending inkludert bonusspor på nrk.no/podkast

]]>
https://p3.no/p3morgen-arkiv/ronny-tok-fram-spy-b%c3%b8tta/feed/ 14