feiring – P3morgen https://p3.no/p3morgen-arkiv Wed, 12 Feb 2020 15:03:03 +0000 nb-NO hourly 1 Endeleg fekk vi levert kake! https://p3.no/p3morgen-arkiv/endeleg-fekk-vi-levert-kake/ https://p3.no/p3morgen-arkiv/endeleg-fekk-vi-levert-kake/#comments Mon, 19 Aug 2013 09:49:13 +0000 http://p3.no/p3morgen/?p=15953 Kronprinsesse Mette-Marit og reporter Line på 40-årsdagen til kronprinsessa.

Kronprinsesse Mette-Marit og reporter Line på 40-årsdagen til kronprinsessa.

Vi har i fleire år prøvd å overrekkje kake og kort frå P3morgen og våre lyttarar til dei kongelege, på kongelege merkedagar.
I dag klarte vi det! Kronprinsesse Mette-Marit tok oss hjarteleg imot på hennar 40-årsdag.

Kronprinsesse Mette-Marit møtte vår reporter Line utanfor kronprinsparet sin bolig på Skaugum. Barbeint og sprudlande på gebursdagen.

– Haakon bakar kake kvart år på bursdagen min, sa Kronprinsesse Mette-Marit.
– Det er frå sånn Browniespose, då. Men det må du ikkje seie til nokon.

Etter å ha planlagd nok eit kakestunt i aneldning kronprinsessa sin 40-årsdag, bestemte både underteikna og Live oss for å twitre til Mette-Marit i går. Det funka, og etter nokre timar fekk vi svar om at vi var hjarteleg velkommen ut til Skaugum.

Lurer du på kva kronprinsesse Mette-Marit fekk av Haakon i bursdagsgåve? Eller kva tradisjonar dei har kva gjeld bursdagfeiring i kronprinsfamilien? Les og høyr alt saman her:

LES ALT OM MØTET MED METTE-MARIT HER
HØYR HEILE INTERVJUET HER!

Fiasko før

Vi har prøvd å overrekke kake og kort til kongehuset ved mange anledningar. Fyrste gong Silje prøvde vart det total fiasko, då kaka datt i bakken idèt kronprinsen køyrde forbi i bil. Høyr og sjå bilete av den øydelagde kaka her.

– Heilt rått!

Etter endeleg å ha overlevert kake og kort – og samstundes få ein megahyggjeleg prat med kronprinsessa er P3morgen-gjengen i ekstase.
– Eg måtte rett og slett leggja meg ned på golvet ei lita stund, seier Live Nelvik.
– Og no har eg berre lyst til å invitere Mette-Marit i bryllaupet mitt!
Korleis reporter Line opplevde det heile kan du lese hos Dagbladet, som tilogmed har gjort eit lite intervju med ho!

]]>
https://p3.no/p3morgen-arkiv/endeleg-fekk-vi-levert-kake/feed/ 1