Dominoes – P3morgen https://p3.no/p3morgen-arkiv Wed, 12 Feb 2020 15:03:03 +0000 nb-NO hourly 1 Vaskar ikkje kleda etter konsert! https://p3.no/p3morgen-arkiv/vaskar-ikkje-kleda-etter-konsert/ Wed, 15 Jun 2011 07:45:21 +0000 http://p3.no/p3morgen/?p=6915 Eva Weel Skram i P3morgen. Foto: Ronny Brede Aase (NRK)

Eva Weel Skram i P3morgen. Foto: Ronny Brede Aase (NRK)

Eva & the Heartmaker skal spele på VG-lista Topp 20 på Rådhusplassen på fredag og håpar du tek turen viss du er i Oslo!

Følgj også sendinga på NRK 3 frå kl 20 i kveld. 

Eva Weel Skram i Eva & the Heartmaker fekk ei kjekk overraskelse då Ronny, direkte i p3morgen, kunne fortelje at låta “Dominoes” er lista på P3 frå og med i dag!

Slik reagerte Eva: Eva reax pa lat

Vaskar ikkje kleda viss det går bra på turné!

Eva og bandet hennar har allereie reist land og strand rundt for å spele. Kristine har bite seg merke i den fine, kvite capen som Eva opptrer i. Eva seier at plagget har blitt ein slags lykkeamulett:

– Går konserten bra, brukar eg ikkje vaske kleda eg opptrer i, ler Eva.

Men luktar det ikkje svette?

– Jo, ler Eva. Men no har eg fått tak i ein til, for den er jo kvit og folk drikk rødvin.

Er du overtruisk?

– Nei, men eg føler eg må gjere alt slik at ikkje noko anna skal skje, og då blir eg litt overtruisk, innrømmer ho.

Eva med lykkecapen. Foto: Kim Erlandsen (NRK)

Eva med lykkecapen. Foto: Kim Erlandsen (NRK)

– Så sint at eg sparka til eit gjerde!

Eva veit kva ho snakkar om, det er ikkje berre enkelt å gjennomføre ein konsert i vårt værharde land. Då dei skulle spele konsert på øya Giske i Møre og Romsdal gjekk straumen etter éi låt.

– Vinden blåste regnet inn mot scena, og når straumen gjekk blei det heilt mørtk. Men trommisen tromma vidare og trompetisten tok ei fanfare og plutseleg kom straumen tilbake. Og slik fortsette det, av og på, heilt til vi fekk beskjed om at det var farleg å stå på scena ettersom vi kunne få støt gjennom mikrofonar og ledningar.

Høyr Eva fortelje om katastrofekonserten her: Eva om katastrofekonsert denne

– Etterpå var eg så sint for at vi ikkje fekk spele skikkeleg og Thomas (ektemann og bandmedlem) fann meg nede ved sjøen der eg stod å sparka i eit gjerde, ler ho.

Men vi fekk kome tilbake til Giske å rette opp og vi skal dit i år igjen å spele, så det blir bra, avsluttar Eva Weel Skram.

]]>