bryllup – P3morgen https://p3.no/p3morgen-arkiv Wed, 12 Feb 2020 15:03:03 +0000 nb-NO hourly 1 Nei til eletrisk tannbørste! https://p3.no/p3morgen-arkiv/nei-til-eletrisk-tannborste/ Fri, 13 Apr 2012 10:17:16 +0000 http://p3.no/p3morgen/?p=10018 – Han veit at det ikkje blir noko på han viss han brukar den eletriske tannbørsten, kunne Marion fortelje oss då ho var på besøk. Marion Ravn er forlova med snøbrettkøyraren Andreas Wiig, og i si nye låt “Colors Turn to Grey” tek ho eit oppgjer med den moderne tannkosten og andre ting ho meiner kan øydeleggje eit forhold.

For å hjelpe Marion med førebuingane til den store bryllaupsdagen, gjennomførte vi like godt ein så kalla “rehersal dinner” i studio. Berre sjå her:

 

Marion avslører at ho ønskjer å ha på seg ein Grace Kelly-inspirert brudekjole men er ikkje heilt sikker på om ho kjem til å servere rømmegraut, peppermakrell og solo, slik ho fekk servert hos oss.

]]>
– Har blitt stempla som dum https://p3.no/p3morgen-arkiv/har-blitt-stempla-som-dum/ https://p3.no/p3morgen-arkiv/har-blitt-stempla-som-dum/#comments Mon, 14 Feb 2011 12:30:12 +0000 http://p3.no/p3morgen/?p=5101 Kathrine Sørland (foto: Yngve Hustad Reite/NRK)

Kathrine Sørland fortalde om at ho har slete med typiske modellfordommar i dagens P3morgen.

Det var i spørsmålsstafetten, der Sørland fekk spørsmål frå Siv Jensen, som var innom på fredag, at fordommar vart tema.

– Fordi du er modell, pen og vakker. Blir du per definisjon stempla som dum?

– Det er klart der er mykje fordommar. Eg møter på dei ganske ofte. Spesielt før, då eg var yngre, frå jenter ute på byen, svarte Kathrine.

– Mange gonger føler ein at ein må bevise ekstra mykje. Eg kjenner ofte at eg er litt ekstra svett under armane, fordi eg har stått ekstra på, sjølv om eg eigentleg ikkje treng å gjere det. Eg føler rett og slett av og til at eg har behov for å gjere eller seie noko ekstra, for at folk skal like meg betre.

Høyr Kathrine Sørland svare på spørsmålet frå Siv Jensen her:
Kathrine i spoersmaalstafetten

Rotete veske

Medan Kathrine var på besøk, fekk vi lov til å rote i veska hennar, i eit forsøk på å bli betre kjend med bryllaupseksperten, programleiaren og den tidlegare frøken Norge.

Sjå video:

– Rett frå hjartet

På sjølvaste valentinsdagen kunne vi ikkje unngå å prate om følelsar og kjærleik med ei dame som trass alt jobbar med kjærleik til dagleg, gjennom det nye fjernsynsprogrammet om bryllaup og som innehaver av eigen brudesallong.

Lyttar Lars lurte på kva han skulle skrive i ei valentinmelding til ei dame han er på dealeren med.

– Åh, så romantisk. Eg likar deg Lars, svarte Sørland.

– Eg tykkjer ein skal omfavne klisjèen. Snakk rett frå hjartet, ikkje gå rundt grauten. Om du er på dealeren, berre sei ting rett fram. Om ein er ein gentleman, og har ei god haldning til kjærleiken generelt, så kjem ein langt i livet.

Høyr Kathrine prate om kjærleik, lavterskelbryllaup og typiske bryllaupsfeller folk går i her:

Kathrine Soerland om bryllaup

]]>
https://p3.no/p3morgen-arkiv/har-blitt-stempla-som-dum/feed/ 9