blacksheeps – P3morgen https://p3.no/p3morgen-arkiv Wed, 12 Feb 2020 15:03:03 +0000 nb-NO hourly 1 Lido vil gifte seg med BlackSheeps-Agnete https://p3.no/p3morgen-arkiv/lido-vil-gifte-seg-med-blacksheeps-agnete/ https://p3.no/p3morgen-arkiv/lido-vil-gifte-seg-med-blacksheeps-agnete/#comments Mon, 07 Feb 2011 08:58:29 +0000 http://p3.no/p3morgen/?p=4955 LidoLido (Foto: Yngve Hustad Reite/NRK)

Det nye hiphophåpet LidoLido har planar om å gifte seg med vokalisten i The Blacksheeps.

I dagens P3morgen var Peder Losnegård, aka LidoLido, på besøk. I spørsmålstafetten, der gjestane våre sender spørsmål vidare, spurde Mona Grudt korleis Lido si framtidige kone skulle vere.

– Eg har ei liste over personar eg skal gifta meg med. Framtidige eks-koner, om du vil. Der har eg Veronica Maggio, Maria Mena, Esperanza Spalding, Lisa Børud og vokalisten i Blacksheeps.

Etter litt diskusjon i studio om kor vidt Blacksheeps-Agnete er for ung, kjem vi fram til at ho faktisk berre er to år yngre enn Lido.

– Agnete. Ring meg, avsluttar Lido.

Høyr LidoLido prate om kven han vil gifte seg med her:

Lido om giftemål

Russ i år

Lido, som er aktuell med låta “Different” på P3 for tida, kunne fortelje at han både har investert i russeklede, og at han har laga skulen sin offisielle russelåt framføre feiringa i mai.

– Men eg har ikkje fått russebil endå. Vi pratar litt om det, men eg må selje nokre album fyrst, så får vi sjå korleis det går.

Her er LidoLido (då 16 år) på Lydverket hausten 2009:

w

LidoLido vart fyrst kjend for P3-lyttarane då han bidrog på BJ Muri sin “Once Upon a Time”. Han har òg vore innom listene med singelen “Fake ID”.

Ein video til frå Lydverket? Ohyes!

]]>
https://p3.no/p3morgen-arkiv/lido-vil-gifte-seg-med-blacksheeps-agnete/feed/ 8