bilete – P3morgen https://p3.no/p3morgen-arkiv Wed, 12 Feb 2020 15:03:03 +0000 nb-NO hourly 1 Reiseskildring frå Bodø https://p3.no/p3morgen-arkiv/reiseskildring-fra-bodo/ https://p3.no/p3morgen-arkiv/reiseskildring-fra-bodo/#comments Thu, 22 Sep 2011 12:55:17 +0000 http://p3.no/p3morgen/?p=8027

Hei bloggen!

Vi i P3morgen var med då P3 arrangerte skulefest for Løpsmark skule, rett utanfor Bodø. Eg vil i denne bloggposten skildre reisa vår gjennom video, fotos og lyd. Kall det ei finurleg reisereportasje, om du vil.

Tysdag 20.09


Frøken Nelvik hadde sjølvsagt laga seg matpakke. Brødet var sjølvsagt heimelaga. Her poserar ho med maten, direkte frå flyplassen i Bodø.


Framme på Løpsmark skule. Sola skin og stemninga står i taket. Her ser vi produsent Maria, Yngve og Silje vise kor kjekt dei har det på tur!


Etter å ha sjekka alt teknisk åt vi ein betre middag på ein av Bodø sine thairestaurantar. Denne var vi òg på sist vi besøkte byen. Du kan trygt seie at det har blitt vår stamplass i Bodø. Sjå kor lukkelege og mette heile gjengen er. Live og Silje hadde til og med shoppa seg kvart sitt par sko, og var frå seg av begeistring!

Som om ikkje det var nok, oppdaga Yngve denne Odd-Karsten Tveit-dukka i eitt butikkvindu:

Då skal du vete at det klikka for Yngve! Han ropte av glede, og måtte straks twitre om dukka.


Etter middag cruisa vi gjennom vakkert landskap, mot Saltstraumen. Alle hotella i Bodø var reservert av Norsk Sjukepleiarforbund, som hadde konferanse i byen denne dagen. Hotell Saltstraumen hadde derimot rikeleg med plass, og vi fekk ei unnskulding for å oppleve ein verdskjend attraksjon på skikkeleg nært hald!

Onsdag 21.09

Dagen var komen. SkuleSessions skulle gjennomførast, og vi starta dagen rett ved underverket Saltstraumen klokka 05:00. Eg var sjølvsagt sistemann ut av hotellrommet. Fordi eg er treg.

Vel framme på Løpsmark skule sendte vi direkte frå lærarrommet. Vi fekk mellom anna besøk av Magnus Eliassen. Han er halve Sirkus Eliassen. Dei som har hatt årets sommarhit med “Hjem til dæ”.
Her framførar han låta:

Stilig!
Yngve ville òg ta bilete av meg og Magnus, fordi han syns vi var så like på håret.

Eg måtte òg smake på tørrfisk i spalta “Ronny smakar på vanlege ting”. Sjå korleis Live reagerar på tampen her:

Silje lærte ein gjeng frå 10. klasse korleis ein skal oppføra seg på konsert.

Her kan du høyre korleis det gjekk føre seg:
Silje underviser

Kjempestemning!

Etter sending hang vi rundt på skulen. Sjekka ut konsertarenaen, såg på at resten av P3 jobba, åt pasta.

Her poserar Silje og Live framfor ein skokk med kids på veg til årets feitaste skuledag:

Etterpå reiste vi heim. Her er eit kunstfoto produsent Maria har tatt av Yngve som speidar ut av flyvindauget. Perfekt avslutning på denne bloggposten, spør du meg.

]]>
https://p3.no/p3morgen-arkiv/reiseskildring-fra-bodo/feed/ 2
– Vi flyttar til Hollywood https://p3.no/p3morgen-arkiv/vi-flyttar-til-hollywood/ https://p3.no/p3morgen-arkiv/vi-flyttar-til-hollywood/#comments Fri, 16 Sep 2011 11:21:33 +0000 http://p3.no/p3morgen/?p=7939

Bård Ylvisåker har endeleg fått kred på heimebane for jobben han gjer, etter at Perez Hilton hyllar ein ny Ylvisvideo.

Ylvisbrødrene spelte inn videoen “Work it”, eigentleg til bruk i det nye talkshowet deira. Den vart lagt ut på YouTube, og har i skrivande stund nesten 500 000 visningar.

– Det var veldig gøy å sjå at videoen sprer seg i USA, og nesten endå kjekkare då den òg byrja spre seg i Polen, sa Vegard Ylvisåker i dagens P3morgen.

– Vi hadde jo eigentleg ikkje planlagd å leggja den på nett i det heile.

Her er videoen:

Og videoen har spredd seg. Torsdag vart den omtalt på bloggen til Perez Hilton under tittelen “Norway knows how to WORK IT!!!”
– Vanlegvis når eg pratar om jobb heime, får eg null respons, seier Bård.
– Sambuaren din har vel berre lyst til å halde beina dine planta på jorda, skyt Vegard inn.
– Men då eg sa at denne videoen var på bloggen til Perez Hilton, det trur eg er fyrste gongen eg har fått noko kred.
– Kva sa sambuaren din då?
– No flyttar vi til Hollywood!

Høyr Ylvisbrødrene om korleis det følast å ha ein internasjonal YouTube-hit:
Ylvis om YouTubehit

Om du vil høyre meir Ylvis i P3morgen, kan du laste ned fredagens sending som podkast. Den finn du både i iTunes, og som mp3-filer her.

]]>
https://p3.no/p3morgen-arkiv/vi-flyttar-til-hollywood/feed/ 3
Seminarveke https://p3.no/p3morgen-arkiv/seminarveke/ https://p3.no/p3morgen-arkiv/seminarveke/#comments Fri, 05 Aug 2011 13:04:10 +0000 http://p3.no/p3morgen/?p=7451 Hei.
Etter ein aldri så liten sommarferie, er vi klare for ei ny runde morgonradio på mandag.
Denne veka har vi hatt sånn seminarveke. Oppstartsveke, om du vil.

Vi har tenkt store tankar. Her ser du Yngve, påtroppande vaktsjef Beate og produsent Kristoffer, midt i ein viktig diskusjon.

Vi har vore på ei hytte, med eigen utedo, i Oslofjorden. Der har vi funne ut kva vi vil gjere på radioen i haust.


Her ser du hytta. Raud og fin.

Av og til treng Live litt tid for seg sjølv. Her sit ho åleine på brygga. Trekk dei store linjene og utformar handlingsplanar inni hodet sitt.

Her ser du meg. Eg har nett gjennomført ein vassorientert idèdrodlesession.

Yngve og Live stupar saman, som eitt ledd i teambuildingrunda vi har hatt for å skape eit tettare samarbeid. “Kan ein ikkje stupe saman, kan ein ei laga radio saman”, sa nokon ein gong.

Produsent Kristoffer viser sine kunnskapar innanfor grilling. Yngve ser på og bidreg med tørre vitsar.

Deretter åt vi middag saman og prata om laust og fast. Og så hadde vi avstemming om kor vidt Silje skal få lov til å vere utegåande reporter òg i haust. Ho får lov. Berre Live stemte imot.

Sjefen insisterte òg på å ta nye profesjonelle pressefotografi av oss. “Leige inn fotograf? Kva meiner de? Eg tok alle pressefotografia til Are og Odin i si tid. Dei vann eg nesten fotoprisar med. Stol på meg!”

Vi snakkast på mandag, folkens! Vi er i radioen frå 6:30, og vi gler oss ekstremt mykje!

]]>
https://p3.no/p3morgen-arkiv/seminarveke/feed/ 4