best kledde – P3morgen https://p3.no/p3morgen-arkiv Wed, 12 Feb 2020 15:03:03 +0000 nb-NO hourly 1 – Gruar meg til kjærastpraten https://p3.no/p3morgen-arkiv/blipp/ Thu, 07 Nov 2013 10:17:53 +0000 http://p3.no/p3morgen/?p=16632 Stian Blipp er usikker på om forhold er noko for han. Foto: Silje Nordnes/NRK

Stian Blipp er usikker på om forhold er noko for han. Foto: Silje Nordnes/NRK

Stian Blipp har aldri vore i eit fast forhold: – Eg er usikker på om det er noko for meg, seier han til P3morgen.

Stian Blipp opplev enorm suksess om dagen i “Tordag kveld fra Nydalen”. I tillegg blei han kåra til “Best kledde” på Se og Hørs “Kjendisgalla” førre helg.

Høyr Stian Blipp prøve seg som moteekspert i P3morgen:
Stian om mote

Trass suksess og mykje oppmerksomheit er Stian opptatt av å ikkje miste bakkenkontakten. Heldigvis har suksessen kome gradvis ettersom han har drive med teater og stand up i mange år. Ja, også jobba han i P3 også, som programleiar i “Verdens Rikeste Land”.

Stian Blipp er også rådgjevar i siste episode av “Rådet” på NRK3. Sjå programmet her.

Cocky med glimt i auget

– Viss “Idol” var det første eg gjorde og eg fekk den oppmerksomheita som eg fekk, så trur eg at eg hadde mista hovudet. Eg tippar eg kunne blitt ein ufyseleg fyr.

Ronny, Silje og Live gir Stian “Good Times” stempelet og forsikrar han om at han er ein hyggjeleg fyr.

– Eg er blitt meir “cocky” men eg prøver å ikkje dette over på arrogant, fortel Blippen. 

Nydeleg med oppmerksomheit frå damene

Stian har dametekke hos kvinner i alle aldrar. Han fortel om ei hyggjeleg melding han fekk via facebook, der ei dame godt over femti år, sendte bilete av seg sjølv i i boblebadet med ei oppmoding om at det berre var å hive seg oppi viss ønskjeleg. Stian understreker at det var ei jovial tilnærming og ikkje grisete. 

Her kan du høyre Stian fortelje om damer og korleis han held bakkekontakten:
Blipp om damer

Aldri hatt kjærast

Trass dametekke, lurer Ronny på om Stian har funne nokon han likar eksta godt. Og Stian seier at det “kanskje er ei dame der”, men ettersom han aldri har vore i eit fast forhold, er han usikker på om det er noko for han. I tillegg gruar han seg til “kjærastpraten” som han kjenner på seg er rett rundt hjørnet.

Her kan du høyre kva Stian Blipp svarte då Tommy Tee lurte på kva Stian ikkje er god til:
Stian svarar på sprøsmål

Ein ting Stian er god til er å synge. Her saman med P3-programmet “Kirketid” (som også spelar i band saman):

 

Her kan du høyre heile intervjuet med Stian Blipp i P3morgen

 

 

]]>