asyl – P3morgen https://p3.no/p3morgen-arkiv Wed, 12 Feb 2020 15:03:03 +0000 nb-NO hourly 1 Maria Amelie vil hoppe i fallskjerm! https://p3.no/p3morgen-arkiv/maria-amelie-vil-hoppe-i-fallskjerm/ Mon, 30 May 2011 08:58:39 +0000 http://p3.no/p3morgen/?p=6686 Maria Amelie i P3morgen. Foto: Ronny Brede Aase.

Maria Amelie i P3morgen. Foto: Ronny Brede Aase.

Maria Amelie er på besøk i P3morgen og fortel om korleis ho kom inn på studier ved NTNU i Trondheim utan papir, pass og pengar. Maria er tøff, og på spørsmål frå programleiar Kristine om ho er ein uredd person som også kunne tenke seg å hoppe i fallskjerm svarar Maria at ja, det har ho lyst til. 

Maria Amelie har framleis ferie men gler seg enormt til å starte  jobben som journalist i Teknisk Ukeblad. Det har vert eit kaotisk halvår etter at ho blei pågripen av politiet, satt i fengselsasyl og sendt ut av landet i januar. Men no er ho tilbake i Norge og tok turen innom P3morgen.

Alle kort på bordet

Maria er utdanna ved NTNU og ein P3-lyttar lurte på korleis Maria kom inn på universitetet utan gyldig identitet?

–  Eg la alle kort på bordet og skreiv inn det midlertidige personnummeret eg hadde fått frå asylmottak og skriev det namnet eg hadde søkt asyl med. Nokre månader seinare fann eg ut at eg kom inn. Då tenkte eg wow, dette kan jo ikkje vere sant – men det var det!

Høyr Maria Amelie snakke om skulen her: Maria Amelie om skule

Blei du berre glad då eller tenkte du at du kom til å bli “busta”? spør Kristine.

– Eg trur ikkje eg tenkte, eg hadde så vanvittig lyst til å studere, eg hadde så mykje energi, eg hadde så lyst å ta igjen den tapte tida frå asylmottak og tida i Russland kor eg av og til ikkje kunne gå på skule fordi det var farleg. Så eg måtte berre hoppe i det. Så tenkte eg vel etterpå når eg skreiv boka (Ulovleg Norsk) at det var jo eigentleg heilt sprøtt å dra til Trondheim utan pengar og ein stad å bu. 

Maria Amelie fekk namnet Amélie frå filmen “Den fabelaktive Amélie frå Montmartre”. Her forklarar ho korleis det skjedde:  Maria Amelie om filmen Amelie

– Ein veldig god venn av meg kalte meg Amelie og han syns eg likna på Audrey Tautou som spelar Amélie i filmen, sa Maria.

Elskar pingvinar

Maria Amelie hadde med seg to ting ho ville anbefale til lyttarane. Det eine er ein pingvin ho fekk av kjærasten sin – sjå kor artig han er:

]]>