asbjørn slettemark – P3morgen https://p3.no/p3morgen-arkiv Wed, 12 Feb 2020 15:03:03 +0000 nb-NO hourly 1 Robyn har aldri vert på festival https://p3.no/p3morgen-arkiv/robyn-har-aldri-vert-pa-festival/ Fri, 01 Jul 2011 11:40:25 +0000 http://p3.no/p3morgen/?p=7262 Silje sneik seg rundt då Robyn var på Q & A med Lydverket og fekk stjele eit par minutt av Robyn si dyrebare tid. FOto: Silje Nordnes (NRK)

Silje sneik seg rundt då Robyn var på Q & A med Lydverket og fekk stjele eit par minutt av Robyn si dyrebare tid. FOto: Silje Nordnes (NRK)

Robyn var den einaste kvinnelege hovudartisten under årets Hovefestival (skjerpings Toffen Gunnufsen, festivalbookar) og i går trilla Lydverket terningkast 6 på konserten hennar – den einaste seksaren faktisk, under heile festivalen!

Men før ho gjorde ein terningkast 6 konsert, var ho innom P3 scena og svarte på spørsmål frå Asbjørn Slettemark og publikum. Vår reporter Silje var også der medan ho venta på at det var hennar tur å slå av ein prat med favorittsvensken.

Silje ville nemleg høyre kva festivaltips ho og musikarkollega Timbuktu kunne kome med. Men begge to var særs lite drivne på festivalfronten. Robyn har aldri vert på festival og tenkjer ikkje over å ha med seg nokre spesielle kler, ho berre går i det ho føler for:

Robyn og Timbuktu om festival

Til slutt spurte Silje sine standard gravande journalistiske spørsmål: 1) Kva ét du til frukost? 2) Kva søv du i om natta?
Robyn om fruksot

Silje på Hove

Silje har rapportert heile veka frå Hove, her kan du høyre og lese alt ho har gjort:

Ville ikkje ut av soveposen

Råning i golfbil

Her var det varm og klamt!

]]>
Ein halvtime bonus-Slettemark https://p3.no/p3morgen-arkiv/ein-halvtime-bonus-slettemark/ https://p3.no/p3morgen-arkiv/ein-halvtime-bonus-slettemark/#comments Thu, 16 Sep 2010 10:04:52 +0000 http://p3.no/p3morgen/?p=3794

I dag er det premiere på den nye Lydverket-sesongenNRK2, og programleiar Asbjørn Slettemark starta dagen i P3morgen.

Vi prata om dei særs uvanlege frukostvanene til Asbjørn, om musikk han elskar og hatar, Axl Rose, amerikansk fotball og ein hemmeleg tacoklubb i New York.
Som om ikkje det var nok serverar vi ein halvtime bonusspor i dagens P3morgen-podkast, der vi mellom anna rasar gjennom haugen av spørsmål sendt inn til Asbjørn på sms.

Podkasten finn du på iTunes, og som mp3-fil i vår RSS-feed.

]]>
https://p3.no/p3morgen-arkiv/ein-halvtime-bonus-slettemark/feed/ 1