aaron carter – P3morgen https://p3.no/p3morgen-arkiv Wed, 12 Feb 2020 15:03:03 +0000 nb-NO hourly 1 P3morgen mimrar https://p3.no/p3morgen-arkiv/p3morgen-mimrar/ https://p3.no/p3morgen-arkiv/p3morgen-mimrar/#comments Thu, 07 Oct 2010 04:59:28 +0000 http://p3.no/p3morgen/?p=4049 Grå regnvêrsdag på kontoret, og P3morgen mimrar tilbake til 90-talet, og all den flotte musikken som var så feit der og då, men som berre forsvann, og som i dag kun kan oppnå ei mimreeffekt.

East 17, for eksempel. Store på midten av 90-talet. Så sa han eine at du blir eit betre menneske av å nytta Ecstasy. Derifrå gjekk det berre nedover. Men Stay another day var awesome, då.


Hanaumi er norsk, og slapp både singel og album i 1996. Eigentleg heiter ho Hanne Qvigstad, men ho har omtrent ikkje lagt att eit einaste spor etter seg på internett. Einaste Hanne Qvigstad som er å oppdrive vart fødd i 1943, og tente 281 000 i 2008. Ho har fanclub på Facebook, då. 24 medlemmer nett no.

Cecilia Vennersten sette rekord då ho tok Norge med storm i 1995. Dama frå aust låg driiiitlenge på Topp 20-lista. 28 veker, faktisk. Det var uvanleg på den tida. Det førte òg til at ho alltid var med i det populære radioprogrammet “Kjærlighet uten grenser” på P4, der Siv Stubsveen formidla helsingar til folk som elska kvarandre i nattemørket.

Jamie Walters, gitt. Yngve ønska seg denne i det sjukt gamle P3-programmet Albin (høyr klipp litt nedover på sida her). Yngve tenkte sikkert at han kunne få kline skikkeleg, skikkeleg mykje om kjærasten fekk favorittlåta på radioen. Ane heitte ho. Eller Lene. Yngve er usikker. Han var ei skikkeleg skjeten tøs på den tida.
Men Walters, ja. Han var jo med i Beverly Hills 90210. No er han med i eit rart tv-konsept saman med andre falne stjerner.

Rednex herja midten av nittitalet. Underteikna lurer på om albumet “Sex & Violins” frå 1995 er ei av fyrste cd-platene eg kjøpte. Ingenting fekk Førde-crowden til å bounce som Rednex i 1995. Sikkert ikkje i 1996 heller.
Det herlege med Rednex er at dei stadig slepp nytt materiale, og turnèrar hardt i norske afterski-miljø den dag i dag.

Noko av det sterkaste 90-talet klarte å produsere, spør du meg. Ace of Base. Denne videoen dukka opp på Go’ Elg på NRK fjernsynet ein fredag ettermiddag. Eg tenkte at videoen var kjempefin, at låta var nydeleg. I ettertid forstår eg kanskje ikkje heilt kva eg tenkte på, men det kitlar framleis litt i kroppen når eg høyrer på den. Ace of Base held framleis på. Ståpåvilje in da house!

http://www.youtube.com/watch?v=SiYurfwzyuY

Veslebroren til Nick Carter frå Backstreet Boys. Ga ut eitt album. Eg har albumet. Kvifor i alle verdens dagar har eg det?

Eiffel 65 slapp Blue seint, seint på 90-talet. Eg hadde byrja på ungdomsskulen, og skulle prøve meg som DJ på lokale ungdomsklubben, Løa. Eg spelte denne og eit par til, og det gjekk fint. Så sette eg på:

Chumbawumba med Tubthumping. Då vart eg bua ut av dansegolvet av alle dei skumle 10. klassingane, medan dei ropte “SPEL ROXETTE! SPEL ROXETTE!”. Eg har aldri prøvd meg som DJ sidan.

Vi har nok gløymd ein heil del videos her. Kom med dine mimrefavorittar i kommentarfeltet, då vel!

]]>
https://p3.no/p3morgen-arkiv/p3morgen-mimrar/feed/ 21