heavy metal – Line jorda rundt https://p3.no/linejordarundt Wed, 04 Nov 2015 11:46:37 +0000 en-US hourly 1 99638331 – Heavy metal is completely illegal https://p3.no/linejordarundt/heavy-metal-is-completely-illegal/ https://p3.no/linejordarundt/heavy-metal-is-completely-illegal/#comments Wed, 07 Oct 2015 06:00:44 +0000 https://p3.no/linejordarundt/?p=931 – We are again so sorry because we couldn’t meet Line, but as I said this genre of music is completely illegal and it can make a lot of trouble and problems for us and even for our families.

Det fortel ei iransk metal-gruppe som utgjer nokre av menneska Line skulle ha møtt i løpet av sitt besøk i Iran. Gruppa ynskjer å vere anonyme fordi dei fryktar fengsel og bøter dersom dei vert tekne, men fortel i ei lydfil dei har sendt oss at styresmaktene ikkje likar heavy metal.

Dei fortel også at til og med bandøvingane deira er fullstending ulovlege.

Heile lydklippet kan du høyre i videoen øverst i saka.

Det er berre ei veke sidan Line Elvsåshagen (25) kom heim frå si utrulege verdsreise. I løpet av seks veker var ho innom seks forskjellige land, utan pengar til verken mat eller klede. Andre stopp på reisa var Iran, men der gjekk ikkje besøket heilt som planlagt.

LES OGSÅ:Line fekk trøbbel i Iran.

Før ankomst var NRK i kontakt med styresmaktene i landet fleire gonger. Der vart det kommunisert at Line ønska å bu hos privatpersonar under opphaldet.

Men då Line endeleg ankom Iran fekk ho beskjed om at det var ulovleg – og enda opp på hotell, på pappa si rekning.

Heile andre episode av “Line Jorda Rundt” kan du sjå nederst i saka.

Instagram Photo

Deretter fekk Line beskjed om å gi frå seg namna på alle menneska dei skulle møte – noko som gjorde at mange trakk seg. Enno fleire trakk seg etter å ha blitt oppringt av styresmaktene.

– Eg vart veldig lei meg og frustrert då eg høyrde lydklippet fordi det er slik kvardagen til desse menneska i Iran er, seier Line.

– Dei er redde for å seie noko feil, gjere noko ulovleg, og må leve i skjul, fortset ho.

Ho syns det er modig av gruppa å fortelje kva dei opplev.

– I eit land som Iran er desse personane ekstremt viktige. Opposisjon er det einaste som kan vippe det strenge regimet av styresmakta. Eg håpar folk som metalbandet kan inspirere folk til nye og friare tankar. Det er engasjementet til desse som kan gi Iran ei betre framtid.

Sjå andre episode her:

]]>
https://p3.no/linejordarundt/heavy-metal-is-completely-illegal/feed/ 7 931