stemmeskifte – Bestevenn med Erlend og Steinjo https://p3.no/bestevenn Mon, 31 Jan 2011 13:37:31 +0000 nb-NO hourly 1 Stemmeskifte og Beatles-cover https://p3.no/bestevenn/stemmeskifte-og-beatles-cover/ https://p3.no/bestevenn/stemmeskifte-og-beatles-cover/#respond Wed, 12 Jan 2011 15:56:37 +0000 https://p3.no/bestevenn/?p=911 Erlend og Steinjo er på Hardangervidda i slutten av tenåra. Foto: Privat

Erlend og Steinjo er på Hardangervidda i slutten av tenåra. Foto: Privat

Ein gang i veka grev Erlend og Steinjo i dagbøkene sine etter høgst private situasjonar og tankar som dei, noko motvilling, delar med oss.  I dag fann dei ikkje berre fram eit utdrag frå dagboka, men også nokre gamle lydklipp. Steinjo blei nemleg intervjua av Radio 1 då han i 1995 var den aller første i heile verda som kom inn på LIPA (The Liverpool Institute of Performing Arts).

Stemmeskifte og veldig formelt språk

Her er intervjuet med 17-åringen Steinjo, som nettopp har fått vite at han kom inn på LIPA-skulen. Radio 1 køyrde han til skulen og snakka med han på direkten. Han er midt i stemmeskiftet og seier lavde i staden for det meir moderne måten å seie det på: lagde. Eg trur kanskje Dronning Sonja er den yngste i kongefamilien som brukar terminologien lavde flittig den dag i dag, men herreminhatt, det er jo fint med mange ulike måtar å seie ord og utrykk på:

Steinjo intervjua av radio 1

Techno Beatles-cover

Då Erlend og Steinjo var 15-16 år lagde dei også ein cover av det verdenskjente bandet The Beatles sin låt “Baby you can drive my car”. I tillegg ville dei gjerne sette eit moderne preg på sangen og gjekk for ein teknoinspirert versjon. Den kan du høyre her:

Cover Drive my car

Du kan sjølvsagt laste ned heile sendinga på podkast her: http://podkast.nrk.no/program/bestevenn_med_erlend_og_steinjo.rss

]]>
https://p3.no/bestevenn/stemmeskifte-og-beatles-cover/feed/ 0