Redaksjonen – Bestevenn med Erlend og Steinjo https://p3.no/bestevenn Mon, 31 Jan 2011 13:37:31 +0000 nb-NO hourly 1 Takk for alt! https://p3.no/bestevenn/takk-for-alt/ https://p3.no/bestevenn/takk-for-alt/#comments Mon, 31 Jan 2011 13:22:25 +0000 https://p3.no/bestevenn/?p=1024 Erlend og Steinjo

Erlend og Steinjo

Bestevenn med Erlend og Steinjo hadde si siste sending torsdag 27.01.2011. Som så mange gangar før brukar dei to bestevennane musikk til å uttrykke kva dei føler. Her kan du høyre avskjedssangen dei laga då dei skulle seie ha det til bestevennlyttarane: 

Takk for alt Bestevenner:
Takk for alt bestevenn 

Les også: Djevelungen Frop Maur

Låtkonkurranse

I vinter lanserte Bestevenn ein låtskrivarkonkurranse, der lyttarne skulle hjelpe Erlend og Steinjo med å skrive tekst til kjenningsmelodien til programmet. Nina Austad og Øivind Amble imponerte med sine tekstforslag og kom på besøk for å synge med på låta. Resultatet kan du laste ned her til odel og eige:

Last ned her (høgreklikk på lenka for å laste ned) Best Friends:
Last ned her!

Her kan du også laste ned Bestevenn med Erlend og Steinjo podkast

]]>
https://p3.no/bestevenn/takk-for-alt/feed/ 16
Djevelungen Frop Maur! https://p3.no/bestevenn/djevelungen-frop-maur/ https://p3.no/bestevenn/djevelungen-frop-maur/#comments Fri, 28 Jan 2011 14:06:33 +0000 https://p3.no/bestevenn/?p=982 Bestevenn med Erlend og Steinjo (Foto: Kim Erlandsen, NRK P3)

Bestevenn med Erlend og Steinjo (Foto: Kim Erlandsen, NRK P3)

Frop Maur er sonen til Erlend og krev full oppmerksomheit heile tida. Han er bortskjemt, utspekulert og sutrete. Men pappa Erlend elskar vesle Frop uansett. Frop derimot, plagar Erlend så ofte han kan, gjerne midt i sendinga og seier at tantene på daghuset prøver å drepe han med maskingevær, eller at han skal hoppe frå Golden Gate eller ta seg ein sigg. Han gjer kva som helst berre dei voksne rundt han gjer akkurat det han vil.

Mamman til Frop er svensk, det er difor Frop snakkar svorsk.

Last ned Bestevenn-pokast her.

Bestevenn hadde siste radiosending torsdag 27. januar 2011, difor har vi samla alle dei plagsame telefonane frå Frop Maur. Vi kan trygt kalle han for ein skikkeleg djevelunge, berre høyr her:

Frop på bussen til Gol:
Bussen til Gol

Frop til Nangijala:
Frop Nangijala

Frop på horehus:
Frop horehuset

Frop har ete alt for mange pølser:
Frop alt for mange polser

Frop i Holmenkollen:
Frop holmenkollen

Frop i Grand Canyon:
Grand canyon

Frop røyker og ser på Saltkråkan:
Royking og saltrakan

Frop naken i parken og sjekkar damer på ein ekkel måta:
Naken i parken

Frop meiner tantene skal drepe han med maksingevær:
Drepe med mgevar

Frop frys på Mordpolen:
Mordpolen

Frop druknar i poolen:
Frop poolen

Frop hoppar frå Golden Gate i San Francisco:
Frisco

Frop er forelska i ei av tantene på daghuset:
Frop forelska

Frop klatrar ned til løvene i dyrehagen:
Frop dyrehagen

Frop ser Fritt Vilt 3 på kino aleine:
Frop Fritt vilt 3

Frop går seg vill i Trollskogen:
Frop trollskogen

Frop på Klingenberg:
Frop Klingenberg

Frop og julenissen:
Frop jultomten

Frop i Finland:
Frop i Finland

Frop går seg vill i skogen og blir spist av ulv:
Frop ulv i skogen

Frop tek turen til Galdhøpiggen:
Frop galhopiggen

Frop leiter under senga til pappa Erlend og finn sexleiketøy:
Frop hemma

Frop avslører intime detaljar om pappa Erlend til naboen Ninni:
Frop hos Ninni

Frop kaprar studioet til pappa Erlend på NRK og smeller av kinaputtar:
Frop avslutting

]]>
https://p3.no/bestevenn/djevelungen-frop-maur/feed/ 2
Diktafonopptak https://p3.no/bestevenn/diktafonopptak/ https://p3.no/bestevenn/diktafonopptak/#respond Thu, 20 Jan 2011 15:18:18 +0000 https://p3.no/bestevenn/?p=938 Erlend og Steinjo har metervis med kassettopptak.

Erlend og Steinjo har metervis med kassettopptak.

Midt på natta kan det tikke inn eit lydopptak frå Erlend til Steinjo sin mobil. Det betyr at han har ei strofe eller ein melodi som kanskje kan bli til ein sang. Slik var det også då dei skulle lage kjenningsmelodien til Bestevenn på P3. Ei tekstlinje datt plutseleg ned i hovudet til Steinjo og han sang den inn på telefonen sin:

“Best Friends” idé:
everything you say med Steinjo

Då dei starta å jobbe med lydpakken til radioprogrammet, brukte dei den lille “everything you say”-strofen og resultatet blei slik:

Bestevenn kjenning:
KJ BESTEVENN med UL

Etterkvart blei dette til ein fullstendig sang, etter ein konkurranse der lyttarne kunne skrive inn tekstforslag. Du kan no laste ned låta til odel og eige.

“Nei! Det har vi ikke”

Eit anna eksempel er frå då Erlend og Steinjo var i syden og gjekk tom for potetgull. Dermed var potetgullsangen født.  Du kan høyre diktafonopptaket heilt i starten av sangen: (Artikkelen fortsett under bildet)

Potetgullsangen:
Potetgullsangen.

Potetgullmannen.

Potetgullmannen.

Fleire andre diktafonopptak som kanskje ein dag blir ein sang du går å nynnar på: 

Jeg er en super duper mann:
jeg er en super duper mann

My name:
Myname2 med Steinjo

Jeg ser du blir så stille:
Jeg ser du blir sa stille med Erlend

War tralala war fritt etter DeLillos:
war tralalala war

The Fox:
the fox

Podkast med Bestevenn lastar du ned her

]]>
https://p3.no/bestevenn/diktafonopptak/feed/ 0
Stemmeskifte og Beatles-cover https://p3.no/bestevenn/stemmeskifte-og-beatles-cover/ https://p3.no/bestevenn/stemmeskifte-og-beatles-cover/#respond Wed, 12 Jan 2011 15:56:37 +0000 https://p3.no/bestevenn/?p=911 Erlend og Steinjo er på Hardangervidda i slutten av tenåra. Foto: Privat

Erlend og Steinjo er på Hardangervidda i slutten av tenåra. Foto: Privat

Ein gang i veka grev Erlend og Steinjo i dagbøkene sine etter høgst private situasjonar og tankar som dei, noko motvilling, delar med oss.  I dag fann dei ikkje berre fram eit utdrag frå dagboka, men også nokre gamle lydklipp. Steinjo blei nemleg intervjua av Radio 1 då han i 1995 var den aller første i heile verda som kom inn på LIPA (The Liverpool Institute of Performing Arts).

Stemmeskifte og veldig formelt språk

Her er intervjuet med 17-åringen Steinjo, som nettopp har fått vite at han kom inn på LIPA-skulen. Radio 1 køyrde han til skulen og snakka med han på direkten. Han er midt i stemmeskiftet og seier lavde i staden for det meir moderne måten å seie det på: lagde. Eg trur kanskje Dronning Sonja er den yngste i kongefamilien som brukar terminologien lavde flittig den dag i dag, men herreminhatt, det er jo fint med mange ulike måtar å seie ord og utrykk på:

Steinjo intervjua av radio 1

Techno Beatles-cover

Då Erlend og Steinjo var 15-16 år lagde dei også ein cover av det verdenskjente bandet The Beatles sin låt “Baby you can drive my car”. I tillegg ville dei gjerne sette eit moderne preg på sangen og gjekk for ein teknoinspirert versjon. Den kan du høyre her:

Cover Drive my car

Du kan sjølvsagt laste ned heile sendinga på podkast her: http://podkast.nrk.no/program/bestevenn_med_erlend_og_steinjo.rss

]]>
https://p3.no/bestevenn/stemmeskifte-og-beatles-cover/feed/ 0
God jul frå Bestevenn! https://p3.no/bestevenn/god-jul-fra-bestevenn/ https://p3.no/bestevenn/god-jul-fra-bestevenn/#comments Thu, 23 Dec 2010 11:50:20 +0000 https://p3.no/bestevenn/?p=890  
GOD JUL til alle Bestevenn-vennar frå Erlend, Steinjo og produsent-Maria. Foto: Kristoffer Rambøl

GOD JUL til alle Bestevenn-vennar frå Erlend, Steinjo og produsent-Maria. Foto: Kristoffer Rambøl

Endeleg er det jul!

Ein liten pust i bakken! Hurra! Erlend, Steinjo og produsent-Maria ønskjer alle ei fredeleg høgtid. Ver snille og gode med kvarandre!

Men! Bestevenn er tilbake på mandag 27.12 og då er Andrea frå “Tre raska med Andrea från Stockholm” også på plass, som vår romjulsgjest!  

Andrea från Stockholm er romjulsgjest i Bestevenn

Andrea från Stockholm er romjulsgjest i Bestevenn

Ho-ho-ho! Pappan til Steinjo, som er 101 år er med i musikkvideoen under her:

]]>
https://p3.no/bestevenn/god-jul-fra-bestevenn/feed/ 4
Bertine dumpa Steinjo pga speedo badebukse https://p3.no/bestevenn/bertine-dumpa-steinjo-pga-speedo-badebukse/ https://p3.no/bestevenn/bertine-dumpa-steinjo-pga-speedo-badebukse/#comments Wed, 22 Dec 2010 17:04:47 +0000 https://p3.no/bestevenn/?p=862 Steinjo, Bertine og Erlend

Bertine Zetlitz og Steinjo var kjærestar tidleg på 90-talet. Men Steinjo har alltid lurt på korfor Bertine gjorde det slutt med han. Då ho var på besøk i Bestevenn med Erlend og Steinjo, kunne Bertine avsløre at det var den trange, røde speedo-badebuksa til Steinjo som sette spikaren i kista for forholdet.

Les: Bestevenn tilbake i romjula med Andrea från Stockholm som romjulsgjest

Dette kom som eit sjokk på Steinjo som aldri har tenkt over at det var badetøyet som skulle ødelegge kjærleiken. Dei to var saman i omlag 2 månader då dei var 13 år og sjølv om Bertine blei mektig imponert over Michael Jacksondansinga hans, var det eit flott, langt skjerf som Steinjo kasta så nonchalant kring halsen, som verkeleg gjorde at ho fall pladask for han.

Høyr Bertine Zetlitz fortelje heile historia her:
Bertine del 1

The magic is gone

Bertine og Steinjo hadde ikkje sett kvarandre på fleire veker før dei plutseleg trefte kvarandre igjen på badestranda. Steinjo med mamman og pappan sin og Bertine med ei venninde. Då Bertine fekk auge på den trange, røde speedo-badebuksa (som må ha sett omtrent slik ut) tok det ikkje lang tid før ho sendte venninda avgarde med ein lapp til Steinjo der det stod: The magic is gone.

Bertine fortel at Steinjo lenge låg stille på badehandduken sin, men at han plutseleg gjekk bestemt ned til strandkanten og kasta seg ut i vatnet. Han tok nokre veldige butterfly-tak, og i eit par sekund lurte Bertine på om det verkeleg var riktig å slå opp med denne sterke svømmaren.

Høyr Bertine Zetlitz fortelje om Butterfly-svømminga til Steinjo:
Bertine del 2

Hello Carousel

Heldigvis tok Bertine og Steinjo opp kontakten igjen nokre år seinare. Då hadde Erlend og Steinjo laga fleire musikkvideoar til tv-programmet Slå på Ring, og Bertine likte særleg godt “Hello Carousel”. Difor lagde dei ein versjon med Bertine på vokal:

Her er eit bilde dei tok under musikkvideoinnspelinga:

Steinjo, Bertine og Erlend på innspelinga til Hello Carousel

Steinjo, Bertine og Erlend på innspelinga til Hello Carousel

]]>
https://p3.no/bestevenn/bertine-dumpa-steinjo-pga-speedo-badebukse/feed/ 5
Steinjos bursdagssang til mamma! https://p3.no/bestevenn/steinjos-bursdagssang-til-mamma/ https://p3.no/bestevenn/steinjos-bursdagssang-til-mamma/#respond Thu, 02 Dec 2010 14:43:25 +0000 https://p3.no/bestevenn/?p=833 Steinjo, mamma og pappa på veg til Paris. Foto: Privat

Steinjo, mamma og pappa på veg til Paris. Foto: Privat

Då mamman til Steinjo blei 52 år komponerte Steinjo ein bursdagssang til henne! Den høyrte vi på i Private Talk i dag. Det er mange som har spurt om vi kan legge den ut, så då er det berre å legge den ut:

Bursdagssang til mamma:
mamma bursdagsang

Erlend ønsker å trekke fram denne setningen i sangen:
Du hjelper meg med lekser, du hjelper meg med alt.
Takket være deg får jeg meget i norsk
og det er ikke dårlig til å være meg.

Komponist i blodet

Steinjo var 15 år då han komponerte denne sangen, men allereie to år før dette, lagde han i rein og kjær sorg ein sang til kjærasten Tora-Marie, som det nettopp var slutt med. Kanskje ikkje så rart at Steinjo tyr til musikken når han skal utrykke seg, han er nemleg barnebarn av den kjente komponisten Johan Halvorsen, mannen bak “Bojarenes inntogsmars” og teatermusikken til “Reisen til Julestjernen”.

Kjærleikssang til Tora-Marie:
everyday i cry for you

Det høyrer med til historien at Steinjo og Tora-Marie blei saman etter at han viste henne denne sangen. Dei var kjærestar i til saman eitt år.

]]>
https://p3.no/bestevenn/steinjos-bursdagssang-til-mamma/feed/ 0
Private Talk med Jenny https://p3.no/bestevenn/private-talk-med-jenny/ https://p3.no/bestevenn/private-talk-med-jenny/#respond Wed, 01 Dec 2010 15:09:54 +0000 https://p3.no/bestevenn/?p=801 Jenny les for Erlend og Steinjo. Foto: Maria Olivia Rivedal

Jenny les for Erlend og Steinjo. Foto: Maria Olivia Rivedal

Det er egentlig privat med vi deler det med deg, i dag! Jenny Skavlan spelar Frøken Pizzaland i tv-serien til Erlend og Steinjo (Påpp & Råkk). Då ho var på besøk leste ho høgt frå sin gamle stilbøker, ettersom Erlend og Steinjo ofte les opp frå sine private dagbøker. I 2. klasse lurte Jenny på om ho skulle bli lærar, frisør eller skådespelar. I tillegg leste ho opp historia om då penskoa plutseleg havna på fotballbana!

Høyr Private Talk med Jenny her:
Jenny Private Talk

Stilboka til Jenny. Foto: Maria Olivia Rivedal

Stilboka til Jenny. Foto: Maria Olivia Rivedal

Pensko på fotballkamp. Foto: Maria Olivia Rivedal

Pensko på fotballkamp. Foto: Maria Olivia Rivedal

Pizza – The Story of my Life 

Jenny som Frøken Pizzaland. Foto: NRK

Jenny som Frøken Pizzaland. Foto: NRK

Jenny syns det var hyggeleg, men ikkje så veldig spesielt, å spele med onkel Fredrik (Skavlan) i Påpp & Råkk. Og det hadde jo vert litt rart om ho blei starstruck av onkelen sin, dei har sikkert treft kvarandre mange gangar før. I tillegg til å spele Frøken Pizzaland har Jenny også vert med i pizzareklame tidlegare.

Hugs Påpp & Råkk kvar onsdag på NRK 3 kl. 22:30

]]>
https://p3.no/bestevenn/private-talk-med-jenny/feed/ 0
Hestevenn! https://p3.no/bestevenn/hestevenn/ https://p3.no/bestevenn/hestevenn/#comments Thu, 25 Nov 2010 15:19:22 +0000 https://p3.no/bestevenn/?p=782  

Viss Steinjo skal vere eit dyr, ville han ha vert ein hest.

Viss Steinjo skal vere eit dyr, ville han ha vert ein hest.

Viss Steinjo måtte vere eit dyr, ville han aller helst ha vert ein hest! Det er lyttar Arild som komponert det fine bildet av Steinjo med hestehovud! Takk Arild!

Denne veka har Steinjo for alvor gått inn for å lære seg å vrinske som ein ekte hest. Men det viser seg å ikkje vere så enkelt. Berre høyr her:

Hestevrinsk 1
Hestevrinsk 1

Hestevrinsk 2
Hestevrinsk 2

Hestevrinsk 3
Hestevrinsk 3

Vrinske-hjelp!

Det verkar som Steinjo går for hardt ut. Han blir rød i fjeset og brukar masse energi på ein rar og anstrengt hosteaktig lyd.

Vi i Bestevenn treng hjelp! Har du gode råd til korleis Steinjo skal lære seg å vrinske som ein hest, må du skrive i kommentarfeltet nedanfor!

Her er ein musikkvideo der Erlend og Steinjo er kentaur:

]]>
https://p3.no/bestevenn/hestevenn/feed/ 2
Blir deppa av ny Michael Jackson-låt! https://p3.no/bestevenn/blir-deppa-av-ny-michael-jackson-lat/ https://p3.no/bestevenn/blir-deppa-av-ny-michael-jackson-lat/#comments Tue, 09 Nov 2010 13:47:28 +0000 https://p3.no/bestevenn/?p=721 Steinjo elskar Michael Jackson og ville vere som han.

Steinjo elskar Michael Jackson og ville vere som han.

Erlend og die-hard-MJ-fan-Steinjo høyrte gjennom den nye Michael Jackson-låta “Breaking News” under sendinga i dag. The King of Pop døde i fjor sommar, men det stoppar ikkje plateselskapet hans frå å gi ut meir Michael Jackson-musikk. Låta “Breaking News” er første singel frå plata “Michael” som kjem ut 14. desember.

Høyr kva Erlend og Steinjo syns om “Breaking News”:
Erlend og Steinjo om Breaking news

Steinjo er som kjent (sjå bildet over) ein stor beundrar av Michael Jackson og reiste i begravelsen hans. Erlend er også fan av MJ og vann ein Micheal Jackson-dansekonkurranse då han var liten.

Les om då Steinjo møtte Michael Jackson.

Meiningslaus låt

Både Erlend og Steinjo syns det er trist at Michael Jackson også i denne sangen syng om medias evige hekse-jakt på han. Dette har vi høyrt før, mellom anna på låta “Scream” som han gjorde med søstra Janet Jackson i 1995.

Fleire av familiemedlemmane til MJ meiner det ikkje er han som syng på låta, men Steinjo trur dessverre at det er han, men at vokalen nok har blitt pynta på.

Michael Jackson-looken til Steinjo

Michael Jackson-looken til Steinjo

Les Lydverket sin anmeldelse av låta her!

Blir deppa!

Steinjo syns det er frykteleg vondt å slakte Michael Jackson på direkten, men trøstar seg med at Michael aldri ville ha gitt ut denne låta viss han framleis hadde vert i live.

Du kan høyre heile Breaking News her.

Steinjo turde ikkje innrømme at han digga Michael Jackson då han var tenåring, men prøvde uansett å likne på han. Han farga håret svart, gjekk i orange silkebluse, boots og skinnjakke. Lilja, som var Steinjos store kjærleik, misforstod og trudde han digga heavy metal! Les om det her.

Kjøper plata med bismak!

På spørsmål frå Erlend om Steinjo kjem til å kjøpe det nye albumet, svarar Steinjo at han nok kjem til å kjøpe det med ein bismak. Ettersom han samlar på alt MJ har gitt ut, må nok dette albumet også inn på ønskelista til jul.

]]>
https://p3.no/bestevenn/blir-deppa-av-ny-michael-jackson-lat/feed/ 1
Are Kalvø sang-debuterer https://p3.no/bestevenn/are-kalvo-sang-debuterer/ https://p3.no/bestevenn/are-kalvo-sang-debuterer/#comments Fri, 05 Nov 2010 10:43:08 +0000 https://p3.no/bestevenn/?p=691 Steinjo, Are og Erlend i Bestevenn. Foto: Maria Olivia Rivedal

Steinjo, Are og Erlend i Bestevenn. Foto: Maria Olivia Rivedal

Are Kalvø gjesta Bestevenn med Erlend og Steinjo på torsdag. Der skulle han hjelpe dei to bestevennane med å lage dagens sang som er ein fast post i programmet. Lyttarane sender inn forslag med tittel og sjanger til kva sangen skal heite og kva den skal handle om. Så er det opp til Are, Erlend og Steinjo å komponere tekst og melodi. Alt dette på under ein time.

Are er, for å sitere ein sangtittel til bandet Kvelertak, ein ordsmed av rang! Ikkje uventa blei dagens sang “Det er hardt å vere mjuk når du tek på meg der”, eit fyrverkeri av ein låt. Mykje takka vere Are sin hang til kløktig ordbruk. Dette er første gang han syng ein eigenkomponert låt. 

Her kan du høyre resultatet “Det er hardt å vere mjuk når du ser på meg der”:

Hardt a vere mjuk nar du tek pa meg der.

Are er kjent frå “Hallo i Uken”, han er forfattar og satirikar. Akkurat no har han show på Latter med Anne Kat. Hærland, Dagfinn Lyngbø og Nils Ingar Aadne.

Slik går teksten:

Eg veit at du likar mine mjuke sider
Eg veit at du drøymer om
romantiske tider
Det er fint at du held meg kjær.
Men det er hardt å vere mjuk når du tek på meg der.

Du veit at du drøymer om ljos og peis
og rufse meg kjærleg i min sveis
Men eg blir sjuk og eg svettar når du gjer det du gjer
Og det er hardt å vere mjuk når du tek på meg der

Men shit lat gå, baby, eg er like glad
når vi begge fjernar våre fikenblad
Kjærleiken mellom oss den er svær
Men det er hardt å vere mjuk når du tek på meg der.

Men eg er like glad, baby

Nynorsk blir svensk

Erlend kora på refrenget, men ettersom han har for uvane å synge svensk når han skal synge nynorsk, vart dette ei ørlita utfordring for han. Forslaget til tittelen og mykje av teksen er også komponert ilag med lyttarane som sende inn sine forslag til kodeord: bestevenn til 1987.

Anne Kat. er mistenkeleg snill

På spørsmål frå Erlend om ikkje Anne Kat. er litt skummel å jobbe med, svara Are at ho til no har vist seg å vere skummelt blid og hyggeleg.

Her pratar Are om alle fordelane ved å skrive nynorsk:

Last ned podkast med Bestevenn her

Erlend og Steinjo kjem snart med ny tv-serie på NRK 3 som heiter Påpp & Råkk! Sjå smakebit her!

]]>
https://p3.no/bestevenn/are-kalvo-sang-debuterer/feed/ 4
Det første verset! https://p3.no/bestevenn/det-f%c3%b8rste-verset/ https://p3.no/bestevenn/det-f%c3%b8rste-verset/#comments Tue, 12 Oct 2010 14:07:46 +0000 https://p3.no/bestevenn/?p=441 Erlend og Steinjo. Foto: Maria Olivia Rivedal

Erlend og Steinjo. Foto: Maria Olivia Rivedal

BEST FRIEND BLIR TIL!

Vi har fått inn utruleg mange bra forslag til vår sangkonkurranse! Det er tydeleg at det er mange dyktige tekstforfattarar der ute, og vi er ekstremt takknemlege for at dåke har tatt dåke tid til å hjelpe oss med å lage sangtekst til kjenningslåta vår “Best Friend”.

Her kan du høyre melodien: BestFriendsKonkRett

Vi har bestemt oss for at vi skal finne det første verset i løpet av denne veka. Men vi vil gjerne høyre kva du syns om det vi har fått inn. Under her kan du lese eit par bidrag. Det er viktig å presisere at det ikkje på langt nær er alle bidrag som blir vist fram her, dette er berre eit lite utdrag. Kommentér gjerne viss det er noko du liker bedre enn andre.

For eksempel har Nina Austad verkeleg gjort seg i flid med sitt bidrag, her kan du lese utdrag frå hennar tekstforslag:

2. VERS
when you’re feeling low, just dial the number
of your best friend just to clear your mood
he will take away the lightnin’ and thunder
you will both be feelin’ super good!
Refreng

RAP
friends are great, friends are fine
i’m so glad that you are mine
what mood i’m in – just take a look
you can read me like an open book
each moment with my friend is a gift
that special person to share things with
no matter if you are a boy or a girl
to-ge-ther friends can travel the world
see new places, learn new things
friendship is what really rings –
true, ’cause i confide in you
and you can share your secrets, too
o-ur friendship will last all life –
through, and i’m so lucky that i have you

our friendship will last forever
listen to this: i wanna lose you never’!
Refreng

3. VERS
friends are gold and diamonds, and they’re jewels
always let them know how much they’re worth
when the world is all to big and cru-el
friends will come and take away the hurt
Refreng tekst

Martin Ljosdal er ein anna som har sendt inn bidrag. Han har fokusert meir på at Erlend og Steinjo er to bestekompisar og at ingen damer skal få ødelegge venne-idyllen:

2. vers
Well don’t bring bitches in here and break the fun
what you gotta do is bond ’til you’re numb
this ain’t a rap it’s statement of fact
just bond that shit ’til the bond is cracked
then pull out the best glue and glue the wack back
it ain’t a real friendship ’til you scrach the others persons back
it’s no longer a question of what you lack
a true best friend to scrach your sorry back
Refreng

Det er utruleg kjekt at tekstane er så ulike. Mange har verkeleg kost seg når dei skriv sin tekst. Steinjos viktigaste råd til alle tekstforfattarar er nettopp: Å ha det gøy!

Her kan du høyre Erlend og Steinjo framføre eit par av bidraga!

Det verkar som at mange har lyst til å få med ein rap i sangen. Her er eit fint bidrag som Flu Hartberg har sendt inn:

2. vers
(rappes)
Listen to the friendly nation
bonding thrugh the radio station
crazing -like two buddy brothers
amazing -like bandido jugglers
slimy lika a jungle monster
bonding in all kinds of weather.
Refreng

Vi har også lyst til å framheve eit vers som Mathias Grønseth har skrive:

Yeah, we’ll make up stuff to do whenever
We do cool stuff every night and day!
We have known eachother like, forever!
I love you, whithout it beeing nowhere near gay! 

Kommentér gjerne under her viss det er nokre sangtekstar du likar bedre enn andre, vi skal som sagt bestemme oss for det første verset i løpet av veka men vil gjerne høyre kva du syns. Alle dei fine bidraga er ikkje med her, men dei er framleis med i vurderinga! Har du eit forslag du har lyst til å skrive inn, send det inn i dag!

Erlend og Steinjo har holdt på med musikk så lenge dei kan hugse. Her står dei på musikkprodusentrommet til Steinjo:

Flanellskjorter frå 90-tallet.

Flanellskjorter frå 90-tallet.

]]>
https://p3.no/bestevenn/det-f%c3%b8rste-verset/feed/ 1
Ein hit blir til https://p3.no/bestevenn/ein-hit-blir-til/ https://p3.no/bestevenn/ein-hit-blir-til/#comments Tue, 05 Oct 2010 15:01:44 +0000 https://p3.no/bestevenn/?p=388
Erlend og Steinjo har fått inn mange fine forslag. Foto: Maria Olivia Rivedal

I dag tok det skikkeleg av i sangtekstkonkurransen vår! Etter at vi bad DEG, kjære lyttar om å vere med å lage tekst til vår fantastiske kjenningsmelodi “Best Friend” har det komt inn mange gode forslag. I dag testa vi ut eit par av dei beste tekstforslaga vi har fått inn.

1) Norsk versjon!
Dette forslaget har Andreas Pedersen sendt inn til oss:
Norsk tekstforslag – Bestevenn sangkonkurranse

2)Engelsk versjon!
Dette forslaget har Flu Hartberg sendt inn til oss:
Engelsk tekstforslag – Bestevenn sangkonkurranse

3)Rap versjon!
Dette har Erik Hansen sendt inn:
Rap forslag – Bestevenn sangkonkurranse

Dette er kjempeflotte tekstar! Første klasses! Lurer du på kor du kan sende inn ditt bidrag? Då berre klikkar du på setningen under her:

Vi tek med glede imot fleire forslag!!! Send inn ditt bidrag! KOMIGJENKOMIGJEN!

Her gir Erlend og Steinjo deg tips til korleis du hjelpe dei med å lage ein hit:

]]>
https://p3.no/bestevenn/ein-hit-blir-til/feed/ 8
Vil du synge med Bestevenn? https://p3.no/bestevenn/vil-du-synge-med-bestevenn/ https://p3.no/bestevenn/vil-du-synge-med-bestevenn/#comments Mon, 04 Oct 2010 04:58:31 +0000 https://p3.no/bestevenn/?p=316 Erlend og Steinjo annonserte i forrige uke at de skal lage en fullverdig versjon av Bestevenns kjenningsmelodi – “Best Friend”.

– Det er et krav fra øverste hold om at sangen skal bli ferdig, og vi vil gjerne ha hjelp fra lytterne, forteller Erlend.

Best Friend har siden mai i år ligget som feelgood-introen til guttas radioprogram, og det har siden debuten vært meningen å skrive den ut til en hel sang.

– Presset etter å få låta ferdig har kommet smygende, og nå har vi prøvd å få den ferdig på egenhånd over lengre tid, uten å komme i mål, sier Erlend. Da tyr vi til lytterne.

Bestevennene vil ha noen å spille ball med. (Foto: Kim Erlandsen, NRK P3)

Ambisjonene for den fullstendige poplåten, som “Best Friend” skal bli, er at den skal spilles inn i studio og forhåpentligvis komme i rotasjon på P3 og kuppe alle de kommersielle hitlistene.

– P3s musikksjef, Mats Borch Bugge, har sagt at hvis låta holder mål så lover han å liste den på P3, sier Steinjo.

– Også vil vi kuppe de kommersielle hitlistene selvfølgelig, sier Erlend. Og opptre live et eller annet sted. Det hadde vært gøy.

Se: P3s A-B-C spillelister her!

Premier og med-korist

Spalten Dagens Sang har blitt veldig populær, og lytterne sender inn forslag til både sjanger, tittel og strofer. Gutta har derfor stor tiltro til at bidragene som kommer inn i denne konkurransen holder en god standard, og gir alle Bestevenn-vennene muligheten til å sette sitt preg på den mest gjenkjennelige av Bestevenn-jinglene.

– Vi håper at bidragene som kommer inn er så bra at vi kan få de inn i sangen og kommer til å teste ut strofene på sendingen underveis. Vi vil belønne de beste tekstforfatterne med fine premier og muligheten til å være med og kore på låta, sier de erfarne låtskriverne.

Les også: Oppdaget av Thomas Numme

Rolf Kristian Larsen i Bestevenn

Rolf Kristian er en tidligere låtskriver i Dagens Sang.

Gode råd

Erlend og Steinjo har forsøkt og bli ferdige med låta en stund nå, uten og komme i mål, men med et gigantisk låtarkiv har de noen gode tips til de som vil delta i konkurransen.

1. Tenk bredt, noe som alle kan kjenne seg igjen i – ha i bakhodet at denne låta skal havne på førsteplass på de kommersielle hitlistene

2. Gjør det enkelt og catchy, gjerne med en orginal twist

3. Tenk på ord og regler du ikke får ut av hodet

4. Står du fast – skriv det første du kommer på

5. Ha det gøy!

Dette er hva du må gjøre:

Hør hele melodien under her, legg spesielt merke til pianopartiene som nå skal fylles med nydelig tekst, skriv inn sangteksten din i kolonnene under – vers 1 og 2-, og levér ditt bidrag innen fredag 22.oktober!

BestFriendsKonkRett

[contact-form 2 “Sangtekst”]

La deg inspirere av Erlend og Steinjos egenproduserte låter fra Slå på Ring, og Dagens Sang-eksemplene med Harald Eia, Jon Almaas og Odd-Magnus Williamson.

]]>
https://p3.no/bestevenn/vil-du-synge-med-bestevenn/feed/ 2
“Best Friend…bonding!” https://p3.no/bestevenn/best-friend-bonding/ https://p3.no/bestevenn/best-friend-bonding/#respond Mon, 27 Sep 2010 07:59:36 +0000 https://p3.no/bestevenn/?p=275 Erlend og Steinjo vil ha din sangtekst! (Foto: Kim Erlandsen, NRK P3)

Erlend og Steinjo vil ha din sangtekst! (Foto: Kim Erlandsen, NRK P3)

Kjære Bestevenn-venn!

Vi trenger din hjelp til å lage årets P3 hit. Den heter ”Best friend” og er kjenningsmelodien til programmet vårt.

Foreløpig har den bare refreng, men ingen vers.

Det hadde vert kjempekult om du ville hjelpe oss med å få teksten på plass!

Under kan du høre hele melodien vi skal lage tekst til – lytt til den og send inn ditt tekstforslag på mail til bestevenn@nrk.no.

Får du teksten din med i sangen, vinner du fiiiiiiine premier!

Hør hele melodien her, og la kreativiteten styre.

BestFriendsKonkRett

– Erlend og Steinjo

]]>
https://p3.no/bestevenn/best-friend-bonding/feed/ 0
Steinjo mest jente? https://p3.no/bestevenn/steinjo-mest-jente/ https://p3.no/bestevenn/steinjo-mest-jente/#comments Wed, 22 Sep 2010 13:39:03 +0000 https://p3.no/bestevenn/?p=250 Steinjo mest jente

Steinjo mest jente. Foto: Maria Olivia Rivedal, NRK

I går fekk vi inn dette spørsmålet til SJEKK INNBOKSEN: Kven som hadde vert kvinna i forholdet viss Erlend og Steinjo hadde blitt sammen. Steinjo insisterte på at det var Erlend ettersom han ikkje køyrer bil. Men Erlend meiner det er Steinjo fordi han drikker rosa drinkar.

– Det er så kjedelig å berre drikke øl, seier Steinjo. Erlend likar best gjennomsiktige drinkar som han også kallar dei. Når Steinjo går for Strawberry Daiquiri, går Erlend for Martini:

Erlend mest mann

Erlend mest mann. Foto: Maria Olivia Rivedal, NRK

Har du eit spørsmål, send kodeord Bestevenn <melding> til 1987.

]]>
https://p3.no/bestevenn/steinjo-mest-jente/feed/ 1
Tante Christine plagar Steinjo https://p3.no/bestevenn/tante-christine-plagar-steinjo/ https://p3.no/bestevenn/tante-christine-plagar-steinjo/#respond Tue, 21 Sep 2010 15:21:51 +0000 https://p3.no/bestevenn/?p=237  

Bang Olufsen TV

Bang Olufsen TV

I det siste har tante Christine ringt og mast masse på at Steinjo må kome å hjelpe henne med ditt og datt. I dag ringte ho fordi ho ikkje får på tv’n:

Christine Bang Olufsen

]]>
https://p3.no/bestevenn/tante-christine-plagar-steinjo/feed/ 0
Michael Jackson lookalike! https://p3.no/bestevenn/michael-jackson-lookalike/ https://p3.no/bestevenn/michael-jackson-lookalike/#comments Fri, 17 Sep 2010 14:19:08 +0000 https://p3.no/bestevenn/?p=198 Steinjo inspirert av MJ

Steinjo var veldig inspirert av Michael Jackson i klesveien

Det var kanskje ikkje alltid så greit å ha Michael Jackson som sitt store idol. Iallefall ikkje når det kom til stil. Steinjo var og er, som kjent, veldig inspirert av “The King of Pop”. I 16-17 årsalderen (sjå bilde over) farga Steinjo håret og augebryna svarte. Han kjøpte også svarte bukser og spisse sko/støvlettar i stil med Michael.

Men som vi har høyrt i “Private Talk” dei siste gangane, var også Steinjo vilt forelska i Lilja. Ho var så intelligent, kul og morsom, men ikkje like gira på MJ som det Steinjo var. Difor måtte Steinjo ofte digge han i skjul.

Bilde over er tatt ut frå ei av dagbøkene til Steinjo og akkurat dette Michael-bildet er SJØLVE inspirasjonsbildet hans.

Neste onsdag får vi høyre neste kapittel i Steinjos sanne historie om jakten på kjærleiken til Lilja.

Sukk…

]]>
https://p3.no/bestevenn/michael-jackson-lookalike/feed/ 1
Det er HELG! https://p3.no/bestevenn/det-er-helg/ https://p3.no/bestevenn/det-er-helg/#respond Fri, 17 Sep 2010 09:46:13 +0000 https://p3.no/bestevenn/?p=187

Godis

Godis! Det er jo HELG!

Erlend og Steinjo tar av:

Det er HELG!

GOD HELG!!!!!

]]>
https://p3.no/bestevenn/det-er-helg/feed/ 0
Rolf Kristian skulka for å henge med bestevenn! https://p3.no/bestevenn/rolf-kristian-skulka-for-a-henge-med-bestevenn/ https://p3.no/bestevenn/rolf-kristian-skulka-for-a-henge-med-bestevenn/#comments Thu, 16 Sep 2010 13:11:01 +0000 https://p3.no/bestevenn/?p=166 Rolf Kristian Larsen i Bestevenn

Steinjo, Rolf Kristian og Erlend. Foto: Maria Olivia Rivedal

Rolf Kristian skulka individuell sangøvelse på Teaterhøgskulen i dag for å kome på besøk til Erlend og Steinjo i Bestevenn. Men ettersom han måtte vere med å lage “dagens sang” så blei jo det for så vidt også ein form for sangøvelse. Han imponerte alle med å beatboxe!

Berre høyr her: Boom boom in the men’s room

Rolf er også mannen bak ein av norsk films aller flottaste replikkar: “Ka e det der? SUPERLIM!?!” frå filmen “Fritt vilt 1“. Rolf Kristian spelte også Jarle Klepp i “Mannen som elsket Yngve”. Snart ser du han i “Jeg reiser alene” som er ein slags oppfølgar til Mannen som elsket Yngve. Vi er fans og vi gler oss.

]]>
https://p3.no/bestevenn/rolf-kristian-skulka-for-a-henge-med-bestevenn/feed/ 1